GPS-tur i skogen
Vi har testa 4 GPSar til friluftsbruk.
Moderne teknologi er populært også på tur i skog og mark. I år kjøper vi rundt 20.000 håndholdte GPSar.
Tur-GPSen egnar seg for deg som fartar utanfor allfarvei. Enten du no er på sykkeltur, jakt, bær- eller sopplukking eller på haustferie i fjellet.
I samarbeide med Villmarksliv har vi testa 4 GPSar til friluftsbruk.
Med ein GPS kan du planlegge turen framfor PCen heime. Du kan plotte inn ruta du vil gå, og når du kjem ut i terrenget kan du sjå nøyaktig kvar du er. Det seier ansvarleg redaktør i Villmarksliv, Knut Brevik. Han strekar under kor viktig det er at du gjer deg godt kjent med GPSen før du legger ut på tur. Det er for seint å lære seg å bruke den når det blåse opp til storm på fjellet.
Kartet på dei GPSane som er med i denne testen, er akkurat som vanlege kart. Her finn du avmerka stiar, vatn og fjelltoppar.
Men det er viktig at du kan lese kartet. Når du stikker ut en rute, viser GPSen turen i rett linje fra A til Å. Du må selv vurdere hvor det er smart å legge ruten. GPsen tenker ikke for deg, sier Brevik.
Et testpanel har vurdert 4 GPSar i vår- og sommarhalvåret. Dei har vurdert signalmottak, kor brukarvenlege dei er, navigering og kor raskt skjermen blir oppdatert. Til slutt har dei gjort ein totalvurdering av kvart produkt.
Og husk: GPSen kan ikkje erstatte kart og kompass. Du kan plutseleg stå utan batteri eller vanskar med å motta satelittsignala. Då treng du både kartet, kompasset og kunnskapen til å bruke det, slår Brevik fast.
Jamn duell
Testen er i praksis ein duell mellom dei to marknadsleiarane Garmin og
Magellan.
Sjølv om det er jamnt løp i duellen, kjem dei to modellane frå Magellan til kort i testen.
Dei er rett og slett ikkje raske nok og nøyaktige nok. Men skal du bruke GPS mest i båten, då er Explorist XL den du bør satse på.
Mer om alle produktene kan du lese nedenfor eller ved på Villmarksliv .
Prøv TV 2 sine nye mobilsider! Klikk for gratis bokmerke.
Garmin GPSMAP 60 CSX |
![]() |
|
Garmin Etrex legend |
![]() |
|
Magellan Explorist 600 |
![]() |
|
Magellan Explorist XL |
![]() |
|

